Ynskjer ny valordning

– Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga, meiner kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Alt for mange har brukt alt for mykje tid på alt for få deltek i kyrkjevalet, skriv kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum i eit innlegg i Vårt land. Foto: Kolonihaven.

Den foreløpige rapporteringa for kyrkjevalet viser at 8,99 % av alle med stemmerett stemte.

Kristin Gunleiksrud Raaum er leiar i Kyrkjerådet, og meiner det no er behov for å finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.

– Alt for mange har brukt alt for mykje tid på alt for få deltek i kyrkjevalet. Det nyvalde Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.

Det skriv ho i eit innlegg i avisa Vårt land.

– Vi må sjå på ei ny valordning. Då er det viktig å sjå på alle element som kan gjere at vi svarar opp lovkravet om å vere landsdekkjande og demokratisk, men samtidig står i høve til oppslutninga i valet.

Ynskjer meir digitalt val

For første gong var det i år mogeleg å førehandsstemme digitalt i kyrkjevalet. Raaum ynskjer meir digitalt val i framtida.

– Eg meiner det er grunnlag for å satse meir på digitale val. Ein av tre veljarar stemte digitalt i år for første gang. Det sikrar hemmelege val, er universelt tilgjengeleg og landsdekkjande. Samtidig må det vere mogeleg å stemme på papir for dei som ikkje ynskjer eller har høve til å stemme digitalt.

Av dei 272 601 som stemte i kyrkjevalet, valde 34 % digitalt på førehand. Det er ny rekord i førehandsstemmer.

Medlemsdemokrati

Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg.

– I eit medlemsdemokrati handlar det mykje om å gje si støtte til dei som er villige til å ta på seg oppgåver for kyrkja, anten lokalt eller regionalt/nasjonalt, skriv Raaum i Vårt land-innlegget.

I tillegg peikar kyrkjerådsleiaren på utfordringa med å få kandidatar til val av sokneråd.

– Ei stor utfordring er at det er stadig færre kandidatar til val av sokneråd og at gjennomsnittsalderen går opp.

Les heile innlegget her

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"